Svært godt oppmøte på den 60. julegrantenninga!

Det må ha vore bortimot rekordoppmøte då den vakre julegrana i Uskedalen blei tend fredag kveld. Svært mykje folk hadde trassa vinden og var samla på den gamle skuleplassen då lysa blei tend kl. 17. Jubileumstenninga blei markert ved at folkehopen talde opp 10, 20, 30, 40, 50, 60 etter idè frå Bjørgulv Eik som har spela på alle julegrantenningane. Deretter skein grana, og musikklaget spela siste del av Jubilantmarch av Per Olav Paulsen. Før og etter dette spela bandet, som har ansvar for pynting og tenning i alle år, vakker julemusikk. Den faste pyntegjengen, Lars Myklebust, Ståle Eik og Knut Steinsletten var i aksjon tidlegare i veka. Det er vel ingen bygder i Norge som har ein 78,5- åring og ein 73-åring som klatrar til topps og pyntar eit så høgt juletre.

Børsdalsnissen stiller alltid opp og likar seg godt saman med barna.

Sidan den faste bladfyken, Kristian Bringedal, ikkje var å sjå, fann underteikna ut at han måtte dekka arrangementet. Etter som eg var noko oppteken, blir dette litt ufullstendig. Etter tenninga kunne ein velja mellom ulike ting. Børsdalsnissen som hadde delt ut pakkar og gjort ablegøyer ute ved grana, tok turen til kjellaren i Gamleskulen og fortsette med song og kjekk førjulsprat med barna. I etasjen over var nokre av dei blidaste av årets russekull og selde kaffi og gode kaker. Dei som ønskte å toppa kvelden med skikkeleg nissegraut, kunne ta turen i Helgheimskjellaren og få førjulsstemning der.

Singing Tweens er unge, men flinke. Den fine konsertavdelinga viser at dei er i flott utvikling!
Amber, Alma og Mari imponerte med songen Akkurat som sauen.
Anna hadde ei nydeleg framføring av Mitt hjarte alltid vanker med både kornettspel og song. Begge deler like vakkert.
Emmie og Aurora Sofie er blitt både rutinerte og flinke.

Svært mange tok turen til kyrkja. Der stod Singing Tweens-gjengen for engleverkstad i tillegg til at dei frammøtte fekk oppleva mykje flott sang og musikk frå dei unge i koret. Koret hadde ei flott avdeling med fine songar, og i tillegg var det nokre som opptredde åleine eller i mindre grupper. Dette var veldig kjekt å høyra på! Koret er svært heldige, for dei har no fått med seg Reidar Algerøy som fast pianist. Svanhill Haugland leiar songdelen og i tillegg er dei støtta opp av ein god gjeng, – Trude Skogtun, Nelly og Jon Harald Kjærland. Det har vore engleverkstad tidlegare år med suksess, men den flotte innpakninga med song og musikk i tillegg til at dei laga flotte englar, gjer at dei utan tvil fortener terningkast 6. Eg trur nok dei mange tilhøyrarane er enig med meg. Ved teljing passerte eg 75 personar på benkeradene.
For dei som ikkje høyrde Singing Tweens i kveld, blir det ein ny mulighet under gudstenesta på julaftan.

Kyrkja var svært godt besøkt denne førjulskvelden.

Kort oppsummert: ei særdeles triveleg kveldstund i Uskedalen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland