Det aukar med utleige av Helgheim, og ungdomslaget treng nokon som vil ha ein liten ekstrajobb som vaskehjelp.  Passar kanskje for nokre skuleelevar/studentar. Det er ingen fast vaskedag. Kva tid det må vaskast er avhenging av når huset er leigd ut.  Send ungdomslaget ein DM eller ring Anita på 99320878 om dette er noko for deg/dåke. Det kan gjerne vere fleire som deler på jobben om ein vil det.

Oppdatering: Ungdomslaget fekk kjapt svar på annonsen om vaskehjelp og saka er løyst.

Tekst: Uskedal ungdomslag
Foto/ Nett: Kristian Bringedal