Vi i styret til Uskedal Ungdomslag ynskjer med dette å takka alle som har støtta innsamlingsaksjonen vi har hatt gåande på Facebook (Spleis) og Vipps den siste månaden. Ikkje i vår villaste fantasi såg vi for oss at vi skulle få ein slik fantastisk respons til støtte for drifta av Helgheim og Fjelly. Til saman har vi fått inn kr. 38 851,- på Spleis og ca. kr. 4500,- på Vipps/bankkonto. Summen er eit resultat av støtte både frå bygdefolket, lokale firma, utflytta uskedelingar, folk frå andre deler av Kvinnherad, ferie-/hyttefolk – ja, eigentleg frå alle kantar.

All denne støtta varmar, og viser at Helgheim, Fjelly og Uskedal Ungdomslag betyr mykje for mange. Men dette er ikkje den einaste støtta vi har fått. Gros Blomster sponsa oss med blomar til å pynta i blomsterurnene til Helgheim til påske og BM Stensletten har sponsa materiale så vi kan byggja ny vegg i gangen oppe pluss fiksa baren i Helgheim.

Som om ikkje dette er nok, har vi no og fått tildelt kr. 50 000,- frå Sparebanken Vest sitt koronafond. Dette er pengar vi kan bruka til å dekka driftsutgifter, og dei er dermed ikkje øyremerka til noko prosjekt.

All denne støtta gjer at vi i styret no kan senka skuldrane litt, og konsentrera oss om å halda hus og hytte ved like inntil vi kan opna att for normal bruk. Dette gjeld i størst grad Helgheim, kor nær all aktivitet er stoppa pga. Covid-19 situasjonen. Vi håpar sjølvsagt at situasjonen skal endra seg så raskt som mogleg og vi igjen kan opna Helgheim for større arrangement.

Fjelly er open og blir leigd ut, men med visse begrensningar. Ein må sjølve passa på at dei til kvar tid gjeldande reglar og råd ang. Covid-19 blir fylgde. I tillegg må hytta vera stengt minst 3 døgn mellom kvar utleige for å vera sikker på at ein unngår Covid-19 smitte.

Til slutt må vi og takka for alle gode ynskje, heiarop, tommelen opp og fine kommentarar vi har fått denne siste månaden. Dette gjer oss stor motivasjon til å halda fram arbeidet i laget og tru på at vi skal koma oss igjennom denne vanskelege tida.

Med venleg helsing Styret for Uskedal Ungdomslag

Tekst/foto: Uskedal ungdomslag
Nett: Kristian Bringedal