Kva får du om du mixar ein poetisk byggfaglærar og ein munnrapp advokat? Litt usikker for det eksperimentet er vel ikkje prøvd før, men to av Uskedalen sine store søner. Begge med førenamnet Bjarte tek oppfordringa om å styra ståket på Helselaget og Ungdomslaget sin medlemsfest 28.oktober. Den eine har etternamnet Eik, den andre Døssland. Det vil du vel ikkje gå glipp av, så meld deg på. Eksisterande medlemmer (før 14.sept) kjem inn gratis. Nye medlemmer kan melda seg inn i Helselaget eller Ungdomslaget for kr. 175,- ut året og får med festen i prisen. Ikkje medlemmer slepp inn for kr. 350,-. Påmelding til Helselaget v/ Klara Bakke. Påmelding til Ungdomslaget v/ Anita Enæs.

Ungdomslaget og Helselaget går nye vegar og samarbeider om medlemsfest i Helgheim.
Tekst/foto: Uskedal Ungdomslag
Nett: Kristian Bringedal