Her kjem ei lita oppsummering etter årsmøtet på tysdag: Ungdomslaget jobbar jamnt og trutt med å halda hus og hytte vedlike og utleige av desse. Vi har og hatt eigne arrangement begge plassar.

Bingo:

Vi har Bingo i Helgheim kvar onsdag. Gjengen som driv denne får nok ikkje så mykje oppmerksomheit som dei burde – Bingogjengen står tross alt for hovudinntekta til ungdomslaget. Utan den inntekta hadde vi nok rett og slett ikkje klart å få ting til å gå rundt. Og hvis nokon trudde Bingo var litt “på hell”, må dei tru omatt – Bingoen gjekk så det susa i fjor, og det ser ut til å fortsetja i år. Når det er sagt, så er det alltid plass til fleire Bingogjester i Helgheim, onsdagar kl. 1900.

Frå arrangementet med Søringen i Helgheim, Anders Kråkevik

Helgheim:

I 2024 var utleige av huset den største aktiviteten, og det tok seg opp utover hausten. Koret Røysterett hadde øvingar på torsdagane. På våren hadde vi og Yoga trening på tysdagar.
Av eigne arrangement hadde vi grautsal ved tenninga av grana, foredrag med Søringen (Anders Kråkevik) frå TV-serien Søringen og Samen, og vi hadde julefest.
Helgheim fekk ny bordkledning på 3 sider, og golvet til kjøla og bakrommet til kjøkenet vart mala, blandt anna.

Vi har ein spanande nyheit på gang angåande ting som skjer i Helgheim frametter, men det kjem vi tilbake til i eige innlegg seinare.

Frå julefesten 2024

Fjelly:

Det har blitt lagt ned eit stort arbeid med hytta i 2024, både med vedlikehald og oppgradering. Dei som har følgt med på facebooksida, har nok fått med seg at vi har fått både ny vedomn & kano på plass i 2024. Kanoen fekk vi støtta til frå Wattn. Vi har mala stovedelen og hengt opp nye gardiner. Nyleg har vi og fått pulk, beremeis og nye spisemøblar. Ny vedomn og innkjøp av utstyr er gjort mogeleg, ved hjelp av støtte frå Kvinnheradstiftinga. Gangen har også fått seg oppgradering med malarkost. I 2024 prøvde vi oss med pop-up kafé – det vil vi fortsetja med i 2025. Det er kjekt å sjå att alt arbeidet og fører til meir bruk av hytta – vi hadde 33 utleige døgn i 2024. Vi har litt arbeid igjen i gangen, og kjem tilbake med eige innlegg om Fjelly og arbeidet der litt seinare.

Magnhild Haugland i sving med malarkosten på Fjelly

Styret i ungdomslaget 2025 er:

Anita Enæs, Leiar (attvald)
Anne Kjersti H Lund, Styremedlem (ikkje på val)
Johannes Kaldestad, Styremedlem (attvald)
Per Ivar Kårstad, Kasserar (ikkje på val)
Hans Ordin Østebø, Hytteansvarleg (attvald)
Madeleine R Kaldestad, Styremedlem (Ny)

Rannveig Huglen og Magnhild Haugland går no ut av hyttestyret. Vi vil takka dei for all innsatsen dei har langt ned i Fjelly dei siste åra. Rannveig har jobba mest i “bakgrunnen” med å frakta ting og tang opp på hytta og hatt utvask. Magnhild har vert leiar av hyttestyret, har vore meir i front og har stått på seint og tidleg både med vedlikehald, oppgradering og marknadsføring av hytta. Sjølv om dei no går utav styret, er vi sikker på at vi kjem til å sjå dei på Fjelly framover titt og ofte.

Frå transport av ny vedom til Fjelly

Ungdomslaget, som fleire andre lag, slit med å rekruttere nye medlemmer til styret. Vi vel difor no å ikkje halda fram med eige hyttestyre, men samlar oss i eit styre, der ein/ei vil få ansvar frå hytta. I 2025 er det Hans Ordin Østebø som er hytteansvarleg. Vi har ellers gode medhjelparar som stiller på dugnader når det trengs, så vi trur dette blir ei god ordning.

Ved må vi ha på ei hytta uten straum, vinteren 2024 var det pensjonist dugnadsgjengen som stod for vedproduksjonen. Denne vinteren er det Svein Ottar Rørheim som har gitt oss gratis tørr ved levert på døra. Han har i tillegg felt og frakta stronglar ned til hytta, som skal bli ved til neste vinter.

Her ser vi Per Ivar Kårstad i sving som kokk i samband med julefesten

Økonomien i laget er grei. Vi gjekk med eit “pittelite” underskudd i 2024. Vi håpar å få til fleire eigne arrangement og god utleige av Helgheim og Fjelly frametter, slik at vi skal klara å snu det til pluss i 2025.

Svein Ottar Rørheim på dugnad med leveranse av gratis ved levert på døra

Til slutt må vi takka alle som har vore med å hjelpt oss på ulikevis i 2024. Utan gode støttespelarar på laget får vi ikkje hjula til å gå rundt, men vi har heldigvis mange som stiller opp for ungdomslaget.

Sindre Aksnes ber ved til Fjelly
Tekst: Anita Enæs
Foto: Ungdomslaget
Nett: Hans Ordin Østebø