Leppefiske er i full gang. I Storsund ser vi dagleg to bruk med fleire registrerte båtar. Det er Ommer frå Halsnøy og Legland frå Uskedalen. Kvar båt utgjer ein konsesjon. Kvar båt har løyve til å fiska inntil 48000 leppedisk. Bergnebb, grønngylt og berggylte går under samleomgrepet leppefisk. Fisken vert brukt som reinsefisk, nemleg å fjerna lakselus i oppdrettsanlegga. Då uskedalen.no møtte to unge fiskarar frå Ommer kom det fram at ikkje alle likte at dei fiska leppefisken langs stranda. For dei er det ein god sommarjobb og dei gjer jobben etter klare reglar.

Leppefisken vert levert direkte i merdane til Eide Fjordbruk.

Leppefiske er eit regulert og lovleg fiske i ei avgrensa tid på sommaren. Motstandarane hevdar at ved å bruka leppefisk mot lus prøver ein å løysa eit problem samstundes som ein lagar fleire og meir alvorlege problem som går på dyrevelferd og utarming av fiskebestanden i fjæra.

Gutane i båten set teiner og dreg teiner på same turen. Teinene står tett i stranda på 3 – 4 meter djupne. Leppefisken vert levert til Eide Fjordbruk sin anlegg ved Snilstveitøy.

Tekst/foto/nett: Kristin Bringedal