I skrivande stund er ein kombibuss frå TIDE på veg til Haugesund med innsamla varer som ein del av hjelpesendinga til Ukraina i regi av THK stiftelsen.Tormod Myklebust er sjåfør. Det er ein mellometappe før omlasting og transport vidare til byen Ozjhorod i Ukraina, nær grensa til Slovakia. I overkant av 10 frivillige møtte fram i går til opplasting ved det nye lageret i Kvinnherad Vekstbedrift sine lokale. Jobben var gjort på vel ein time. Bilete syner nokre av dei som var med på opplastinga i går.

Trond Lekva Myklebust i full sving med å henta fram og lasta madrasser.

Prioriterte varer i denne sendinga var senger, madrasser, soveposar, pledd, liggjeunderlag, ullteppe, sanitærutstyr, tørrmat og leiker. Innsamlinga held fram og lageret vil vera ope for mottak kvar laurdag framover mellom kl. 10.00 og 12.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal