Tove Heggøy melder om at det natt til laurdag var litt action her på campingen og i Uskedalen. Fekk telefon frå politiet i natt om at det hadde vore nokon på campingen som var litt mistenksame. Det viste seg at det var blitt stole ein del sykler i bygda kvelden før, mellom anna ved Spar.

Magne tok seg ein tur for å sjekka og fann to gutungar og sykkel i verkstaden her. Politiet blei kontakta og kom og tok hand om gutane. Gutane, som låg i båthamna, hadde kjeda seg.

Fleire av syklane er henta, men det ligg ein fin DBS sykkel igjen, som venter på sin rette eigar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal