Søndag ettermiddag stilte ein gjeng med frivillige til bøsse-bæring for årets TV-aksjon. Pengane gjekk i år til Flyktninghjelpen, og givar-gleda var stor i Uskedalen.

I nydeleg flott haust-vèr tok små og store bøsse-bærara søndagsturen rundt i store delar av Uskedalen. Grunna litt mangel på folk, var det ikkje kapasitet til å senda folk ut til Eik i år. Om du sat klar å venta, håper vi de nytta dykk av moglegheita til å betala med Vipps.

Nokre var med for første gong, andre har bidrege i fleire år. Og samtlege var einige i at det var ei kjekk oppleving der ein møtte på mange kjekke og smilande folk. Givar-gleda er stor. Men bøssene var ikkje tunge å bera då dei fleste nyttar seg av Vipps i dag.

Samuel Leite og Åge Korsvold var med for første gang. Dei syns det var kjekt, men blei slitne i beina på slutten av turen.

TV-aksjonen har lang tradisjon og starta i 1974. Særleg dei litt eldre innbyggjarane har tradisjon for å bidra, og sat klare då vi kom med bøssene. Håper at fleire blir med på å ta søndagsturen med bøsse neste år, så får alle i Uskedalen besøk.

Selma Myhre Kjærland og mamma Hanna Kjærland er tilbake på Gamleskulen for innlevering av bøsse.
Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Anja Njøten Leite / Marianne Korsvold