Tusen takk for ei flott 17. mai feiring i vakre Uskedal.
Ei ekstra stor takk til alle foreldre i 5. klasse med komitéar som styrte og ordna slik at det blei ei så flott feiring.
Takk til FAU som har fått inn kaker- og til alle foreldre som står på å bakar.
Takk til:
Karin og Kjell Tungesvik, som år etter år stiller opp med rømmegraut med tilbehøyr – eit heilt unikt dugnadsarbeid.
SPAR som jobber på å pakke mat og drikka klar så det er berre for matkomiteen å hente den.
Flotte Amalie Røstbø tala og la ned blomar på Stemneplassen. Takk for den fine talen. Musikklaget og skulemusikken spela vakre tonar ved Bautaen og på Stemneplassen.
På stemneplassen har dei fått seg kiosk, og her stod to flotte smilande damer å selde is og brus.
Tusen takk til dei flotte flaggberarane som stilte opp, til dei to som spelte trommer i toget, og til alle som bar faner og var med og skapte liv og stemning i toget.
5. klasse som las dikt ved Bautaen var veldig flinke. (Einaste me mangla var ein betre høgtalarar der )
Takk til lærarane som står på og øver med elevane før 17. mai.
Takk til pynte- og ryddekomiteen som hadde pynta så fint at eg fekk tårer i augene når eg køyrde øve brua i Uskedal. Vakkert med bjørk og svaiende flagg.
Det var òg nydeleg med alle blomane utanfor skulen, så tusen takk Uskedalen skule m/ fleir .
Tusen takk for at me og får låna skulen og det me treng i forkant.
Og til Helgheim som me kvart år får låna utstyr av.
Og takk for at me får låne det flotte aktivitetshuset. Godt å sitja der, ta seg ein kopp kaffi og eit kake stykke, mens praten går.
Takk til Lene Gjuvsland Skjelnes og Siren Simonnes, som har vore med frå dag éin i styringsgruppa De har gjort ein fantastisk jobb.
Takk til Hege Lekva og John Guddal som som ordna blomane på plass fra Anne Maries blomster, at kake bakere kunne levere kakene tidleg, at flagg berarane fekk på seg sele, og at de ordna trafikk vakt, så bilane stod i ro når toget gjekk oppi vegen.
Takk til Festidalen for lån av store flotte benker, så me hadde meir sitje plassar ute.
Og tusen takk til Kvinnherad Vekst for trykking av program.
Og takk til Uskedal skule for kjempe flotte plakatar som de laga.
Og takk til deg, Kristian Bringedal, for alt du står på med å gjer for bygda vår.
Her er nokre nummer frå programma – håpar nokon kjenner dei att og kan hente premien i Halsabrotet 17:
Program nr. 26: Gåvepakke frå Zjakk
Program nr. 19: Kakesett
På lodda vann:
Rosa J 12: Gåvepakke frå Zjakk
Tusen takk til alle som sponsa oss med pengar, kjøp av lodd og program, gåver, premiar og støtta ellers.
Og ei ekstra stor takk til Elisabeth Steinsvik og Rudi André Lygresten, som har stått på for å få inn sponsormidlar Me set utruleg stor pris på alt som kom inn, og jobben de har gjort.
Og takk til Remi Andre Onarheim i Uskedal utvikling/ 17. mai komiteen som jobbar på når me masar ( for masa kan me).
Sola skinte opp og det vart ein fin avslutning oppe på den fine Stemneplassen.
Det betyr mykje at alle er med for å få til ei så flott bygdefeiring.
Beste helsing
Frøydis Gjuvsland – Styringskomiteen