Fann skiltet på Årsnes.

Kvinnherad Turlag sitt skilt som stod i starten av stien like ovanfor hovudvegen innanfor eigedomen til Kåre og Berit Guddal, forsvann for om lag eit og eit halvt år sidan. Sidan har skiltet vore sporlaust borte. Dette er eit særs viktig skilt sidan det viser startpunktet av ein mykje brukt turveg over Halsane mot Mannsvatnet og Solfjell.
Nyleg fann Oddvar Hellesøy det bortkomne skiltet i området innanfor Årsnes ferjekai. Han leverte det til turlagsfolk her i bygda. Desse har no sytt for at skiltet er på plass igjen.
Mange takk til både Oddvar Hellesøy og dei som har fått skiltet på plass, og så kan vi lura på kva dei som har stått for “bortføringa” er laga av og tenkjer med!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.