Kvinnherad Turlag legg fram eit innhaldsrikt og variert program for 2025. Sjølv om den årlege skituren til Ulvanoso 6. april vert avlyst, er Uskedalen inne i programmet med klatring, telttur og seniortur. Turmåla er Låganoso, Fjellandsbø og eit godt eigna plass for klatring.

Geir Eidsvik og Kjell Yri var sett opp som turleiarar på skituren frå Tveitedalen til Høgetinden på Ulvanoso. Kjell fortel til uskedalen.no at lite snø er årsaka til at turen går ut. Etter synfaring er vurderinga slik at når ein må bera skia i fire timar, så er det lite att av skituren. Turen har vore avlyst før, men då med bakgrunn i dårleg ver.

I programmet finn vi elles dette om Uskedalen:

  • 4. juni: Seniortur til Låganoso. Turleiarar: Nils Olav Støle og Eldbjørg Teigen
  • 23. – 24. august: Barnas Turlg med telttur ved Fjellandsbø. Overnatting krev vaksenfylgje. Turleiarar: Ann Katrin Røssland, Helge Furdal og Mona Eikemo Røstbø
  • 13. september: Klatring med utelunsj. Turleiarar: Ingrid Helene Enes-Slettebakken og Anna Framnes Thoresen

Påmelding via nettsida kvinnherad.dnt.no

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Frå framsida av programmet