Godt installert i hytte på Rabben Feriesenter ferierer no 84 år gamle Vagn Steffensen frå Viborg i Danmark. Det er ikkje første gang den pensjonerte læraren besøker Uskedalen. Første gong var heilt tilbake i 1966, altså for 55 år sidan. Etter det har det blitt jamnlege turar hit. Rabben-ferien denne gongen er ei fødselsdagsgåve frå sonen Henrik som er med på turen saman med kona til Vagn, Gerda.

Gerda, Vagn og Henrik utanfor hytta dei bur i på Rabben.

Dei tre kom til Rabben mandag etter den lange turen frå Viborg. Med Henrik som sjåfør hadde dei to 84-åringane stor glede av å beundra den norske naturen då dei kjørte opp Setesdalen og over Haukeli. På føremiddagen tirsdag var Vagn og sonen ute på fisketur. Gode minne kom fram då dei nærma seg Skorpo, og Henrik fortel at faren beundrar klippene på øya.

Starten på dette kjærleiksforholdet til Uskedalen starta heilt tilbake til 1966 då Vagn var her for første gang. Vagn var lærar og kollega med mannen til Margrethe Myklebust som voks opp i Geilo. Margrethe er søster til Synnøve Skeie som no bur i barndomsheimen på Solstad. Margrethe flytta til Danmark, gifta seg og fekk to døtrer der. Det er tydeleg at dei to familiane framleis har god kontakt, for Vagn kan fortelja at dei to døtrene til Margrethe, Anne Grethe og Kirsten med familie, nyleg var på ferie i 14 dagar på Solstad. Dei har også god oversikt over familie og venner av Margrethe og Synnøve som dei har møtt.

Vagn fortel at han har budd på Rabben hos tre generasjonar med eigarar. Første gangen var campingen liten og i oppstartsfasen. Han hugsar godt Sverre og Solveig Myklebust som dreiv då. Seinare møtte han son deira, Steinar, og no er det altså neste generasjon Tove M. og Magne Heggøy som eig feriesenteret. Han har altså fulgt utviklinga frå den spede starten. Før rodde dei ut for å fiska. No leiger dei båt med motor, og han elskar turen rundt Skorpo, seier han.

Sonen Henrik har også blitt glad i Uskedalen. Han var på Rabben for første gang i 1978 saman med foreldra og søskena sine. Etter at han stifta eigen familie, har han vore her saman med kona og barna sine på 15 og 16 år. Seinast var dei her i 2018 og 2020. Han kan fortelja at i tillegg til å fiska likar dei å gå turar, og han nemner spreke turar til mellom anna Manen og Solfjell som flotte opplevingar.

Det er tydeleg at dei tre danskane trivest svært godt på Rabben Feriesenter. No skal dei nyta dagane fram til fredag før dei skal returnera til Viborg.

Dei tre danskane nyt finveret utanfor resepsjonen på Rabben Feriesenter.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland