Syng med oss på Husnestunet med eit frammøtetal på 120 personar kan vera rekord. Uskedal musikklag med forsongar Kristian Bringedal gjennomførte eit allsongprogram i to avdelingar. Nokre av melodiane er arrangerte spesielt for veteranbandet frå Uskedalen. Den siste i så måte er Vigelandsvalsen, kjenningslåten til Lindesnes trekkspelklubb. Tekstane og tonane er kjende og songen er god. Etter ynskje frå salen vart songstunda avslutta med Jag har hørt om en stad.

Ikkje noko å sei på frammøte til Syng med oss på Husenstunet.

Med konserten på Husnestunet i går har Uskedal musikklag vore på to av dei tre kommunale institusjonane i haust. Neste ut er mellom anna Julegrantenning fedag 29. november og Julekonsert i kyrkja sundag 8. desember.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal