Trond Olsen frå Olsen Motorsamling i Uskedalen har fleire gonger vore på Fjordsteam i Bergen med masknar frå samlinga si. I år stiller Trond med ein traktor, to påhengsmotorar og ein liten slåmaskin. Han er sentralt plassert på Bryggen saman med andre veterankøyrety og bussar. Det som er artig, er at slåmaskinen er plassert ved Knut Skurtveit sin handel, der maskinen ein gong vart kjøpt. Ein tohjulstraktor står på same plassen, frå ein motorsamlar på Osterøy. For dei som er Bergen på Fjordsteam denne helga, ta turen innom Trond Olsen sin stand.

Slåmaskinen er tilbake ved handelen til Knut Skurtveit på Bryggen der den vart kjøpt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal