Trond Lekva Myklebust, f. 1972. er tilsett som driftssjef i Hardanger Biogass. Trond var lenge nordsjøarbeidar, men driv no med eigedom, sanddrift og transport. Han er leiar i Uskedalen Elveforvaltning og har tidlegare vore aktiv i drifta av Uskedal Båtlag. Han er også med i TRIO si symjegruppe. Trond Lekva Myklebust er listekandidat (nr 10 ) på Industri og Næringspartiet ( INP ). Hardanger Biogass er tilført kapital og er klar for etablering på Husnes Industiområde. For å vita meir om kva dette går ut på, har uskedalen.no henta informasjon frå Facebook Landbruket i Kvinnherad.

God framdrift i arbeidet med å etablera Hardanger Biogass. Landbruket har som kjent inngått avtale om å redusera klimautslepp. Ein avtale som kan medføra at ein må redusera produksjonen dersom ein ikkje når målsettingane om reduserte klimautslepp. Eit viktig tiltak her er etablering av biogassanlegg basert på husdyrgjødsel. Det er stor interesse for slike anlegg no, og det er godt å vita at vi er godt i gang i Kvinnherad og. Så langt har ein mellom anna fått tildelt tomt i regulært industriområde, der ein har tilgang til kai og andre industrietableringar som det kan vera naturleg å samarbeida med. Ein har etablert faggrupper med personar som har solid erfaring både når det gjeld å byggja og å drifta slike anlegg. Biogass produksjon kan seiast å vera nytt i Noreg, men det er stor næring nedover i Europa. Svært mykje av grunnleggjande prosjekteringsarbeide er utført. Det er inngått avtalar med ein stor del av bøndene i Kvinnherad når det gjeld mottak av husdyrgjødsel. For landbruket i Kvinnherad bør dette vera ein vinn- vinn situasjon. Ein får auka verdiskaping, ein får redusert klimautslepp, redusert transport, mindre luktplager, og ein kan redusera trongen for innkjøp av dyr kunstgjødsel som fylgje av at ein får betre utnytting av husdyrgjødsla. Eit slikt anlegg kan og danna grunnlag for andre etableringar, og såleis gjera vårt aktive landbruk til ein svært så viktig del av “det grøne skiftet”.

Tekst: Kristian Bringedal/ Landbruket i Kvinnherad ( FB )
Foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal