Bjørn Moe, som har vore trommis i 30 år, reiste til Bergen i dag tidleg for dirkete innslag på NRK Hordaland i morgonsendinga. Han fortalde at han kom frå Uskedalen og debuderte me singelen The Book. Bjørn var open og ærleg då han fortalde at han hadde mikrofonskrekk. Som trommis set han alltid bakerst i gruppa. No står han fram med ny musikk og med solosong.

Bjørn Moe jobbar vidare fram mot ferdig album våren eller sommaren 2022. Den neste låten er alt klar. Han oppmodar msuikarar om å læra seg eit anna instrument enn det som er vanleg. På den måten kan ein skapa noko nytt og utvikla seg.

Debutantsongen The Book er godt motteken i musikkmiljøet. Tilbakmeldingane er mange og gode.

Dei som gjekk glipp av programinnslaget i dag, kan høyra det ved å klikka HER. Innslaget med Bjørn Moe finn de 2 timar og 13 minutt uti programmet.
Programleiarar var velkjende Siv Fossåskaret og Tom Arne Moe med Mariann Reikerås som produsent.

Tekst/nett: Kristin Bringedal/ Thor Inge Døssland
Foto: Privat