Bjørn Moe går nye vegar med musikken sin og prøver seg no som låtskrivar med eigne tekstar. Ein demo er klar og han ynskjer å gå i studio med dyktige musikarar for å gjera opptak. Prosjektet har ein kostnad på over kr. 100 000,- og han treng støtte og sponsorar for å koma i mål. Uskedalen.no vil vita meir og har vore på Trommeloftet i nedre Halsabrotet.

Bjørn Moe og Monica Hansen kjem frå Odda. Etter 30 år i Bergen fann dei draumehuset og flytta til Uskedalen i 2019. 2. høgda på garasjen vart teke i bruk som trommeloft med slagverk og opptaksutstyr med eit enkelt studioprogram. Her lagar Bjørn skisser til sine eigne låtar med vokal, piano, bass og rytme.

Bjørn har i heile sitt liv vore slagverkar. Alt som 9 åring fekk han sitt fyrste trommesett. I 6. klasse på grunnskulen hadde han sitt eige band og framførte låtar, mellom anna på klassefestar. Før den tid fann mor hans fram panner, pannelåk, ja, til og med kartong. Alt vart brukt som trommer. I dag er Bjørn Moe ein velkjend trommis, aktiv i mange band med konsertar, innspelingar og produksjon innan ulike genre. Det kan vera jazz, pop, soul, rock og blues. Han har spelt på ei rekkje plateutgjevingar, både med eigne band og som studiomusikar for andre artistar.

På Trommeloftet i nedre Halsane skriv og produserer sin eigen musikk.

No er Bjørn klar og motivert for å gå nye vegar. Han har kontakt med Erik Grønner i Demningen studio på Sotra. Grønner har gjort mange innsepelingar og vore produsent for artistar som Odd Nordstoga, Ausekarane, Kurt Nilsen og Tor Endresen. Musikarane, som vert med på innspelinga, har før spelt med Jarle Bernhoft, Maria Mena, Kurt Nilsen, Gina Aspenes, Sigrid Moldestad, Helge Jordal og ikkje minst den engelske artisten Hanna White, som er nominert til UK album of the year innafor amaricana music.

Bakgrunnen for prosjektet er koronatid med få spelejobbar. Noko måtte ein finna på og for Bjørn vart det å prøva seg med eigne tekstar og låtskriving. Monica og svigerrinna har skrive kvar sine tekstar. Innhaldet i tekstane går på nære relasjonar mellom menneske, fridom og kjærleik. To av titlane er Freedom og Chains. Frå fyrste låt skriven i november i fjor har han no ein demo på 8 – 9 låtar.

Bjørn må ha eit økonomisk fundament for å koma vidare. Han har litt eigenkapitalen, men må henta inn støtte i form av sponsormidlar og eksterne tilskot. Ta kontakt med Bjørn Moe dersom du har tankar og innspel.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Studiobilete/ Kristian Bringedal