Åtte trivselsleiarar, utvalde frå 4. – 7. klasse, har i denne veka skipa til aktivitetsdag for medelevane på Uskedal skule. Elevane med TL på teskjorta har også ansvar for aktivitetar i midttimen og på ein fredag i månaden. Målet med det nasjonale programmet TL er å leggja til rette for trivselsfremjande tiltak og motarbeida mobbing og utanforskap. Dei utvalde elevane må delta på aktivitetskurs der dei får innføring i å vera inkluderande og positive i si framferd. Eit TL kort gjev dei mellom anna rimlegare kinobillett og gratis inngang på bading. Bilete syner f.v.: Per Håkon, Anna, Markus, Emil, Erle Marie, Andrea, Emmie, Martin.

Ei av dei fire gruppene.

Trivselleiarane lagar til frukost og disco. I blanda grupper er alle elevane med på ulike aktivitetar. Hilde Bringedal er kontaktlærarane for TL programmet. Ho rosar elevane for ansvaret dei tek. Takk til sponsorane: Hjønnevåg ( fiskeburger ) og SPAR ( is ).

Aktivitetsgruppa Mordaren.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal