Det blei to riktig så trivlege timar med song, musikk, åresal og kaffi og gode kaker då Røysterett For Alle inviterte til korkafè i kveld, torsdag. I tillegg til vertskoret fekk pubikum også høyra tre songelevar frå kulturskulen og veteranbandet i musikklaget som var gjester denne kvelden.

Publikum sette pris på songen og musikken som blei framført.

Røysterett For Alle opna programmet med ei avdeling på 6 nummer. Etter oppstarten med Now is the month of May fekk publikum høyre Seimsvandraren av Svein Rimestad/Maria Malmsten etterfulgt av m.a. den svenske Har du visor min vänn? og Junikveld av Hans Børli/Per Indrehus før dei avslutta med eit artig arrangement som Henrik Lyssand har laga på Jakob Sande sin velkjende Gåsa, hanen og katten. Det var også naturleg å ha ein færøyisk song i programmet sidan koret skal på tur til Færøyane før dei avsluttar denne sesongen. Dei 30 songarane viste god form, og koret kom godt frå programmet.
Koret blei etterfulgt av tre av Maria Malmsten sine songelevar i kulturskulen, Erika og Anna Kathrine frå Halsnøy og Julian frå Seimsfoss. Dei song to songar kvar medan Maria akkompagnerte dei på piano.
Før gode kaker, kaffi og åresal var det også tid for fire nummer pluss ekstranummer av veterangjengen i musikklaget.
Kakene smakte svært godt, og åresalet gjekk unna slik at alle årane blei selde. Svært mange av publikummarane i den fullsette salen kunne gå fornøgde heim, – med gevinst og nynnande på ei strofe.

Før vi forlet salen avslutta vertskoret med svært så passande Vi vil danse mot vår der publikum blei invitert til å syngja med på refrenget.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland