I dag var siste allsangstund med Rustne Menn på Kafè Tiaren dette året. Sjølvsagt var innhaldet i den trivelege stunda prega av den føreståande julehøgtida. Riktig nok var det ikkje dei typiske julesongane som innleia økta, men dei har likevel eit innhald som kan knytast til den store familiehøgtida. Før allsongen starta, framførte trioen “Shalala”, velkjend og populær låt frå Sauda sin store son, artistpresten Bjørn Eidsvåg. Det var ein frisk og god start. Deretter var allsongen i gong med musikk av to dei store songskrivarane våre, Johannes Kleppevik og Åge Aleksandersen, nemleg “Tar du med ei helsing” og “Lys og varme”. “Marys Boychild” innleia julesekvensen og blei etterfulgt av Alf Prøysen si udødelege perle “Julekveldsvisa” før vi fekk vera med på meir Bjørn Eidsvåg i den nydelege julesongen hans “I en natt” som avslutta allsangøkta.
Rustne Menn avslutta med “Kongens shilling” i Svein Rimestad si språkdrakt. Det var ei triveleg, vakker songstund, og det var heilt forståeleg at publikum kunne tenkt seg meir, men Rustne Menn held seg nøye innanfor halvtimen sin. Publikumsframmøtet var bra med omsyn til ver- og føreforhold. Ved normale forhold ville det truleg vore stappfullt i Gamleskulen. Kjekt var det også at utflytta uskedelingar på førjulstur stakk innom.
Rustne Menn er eit friskt pust, og dei framfører songane sine svært godt. Ja, dei blir betre og betre. Neste år bør dei vera med på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja. Det vil skapa variasjon og heva konserten.
Rustne Menn er Kristian Bringedal (trekkspel), Svein Rimestad (gitar) og Tore Nordal Pedersen (elbass). Alle tre syng, gjerne fleirstemt!
Det var siste allsongøkta dette året, men publikum var nok glade for at Tore Nordal Pedersen lova meir allsong på Tiaren i året som kjem.

Trass i ver- og føreforholda var det bra frammøte.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland