Det vert oppstart på treningane i Aktivitetshuset i denne veka. Det vert maks 10 stk på kvar trening. Påmelding på førehand, Hugs: Fyrste kvinne til mølla.

Vi held 2 meters avstand. Ha med eigne matter og utstyr. Handsprit står ved inngangen. Ha gjerne med munnbind og bruk det når du kjem og når du går frå lokale. Treningane vert lagde ut på Facebook dagen før påmelding.

  • Måndag kl. 20.00: Crossmix
  • Onsdag kl. 19.00: Puls/styrke
  • Torsdag kl. 19.30: Kettball

Om nokon har lyst å vera med som vikar eller ha trening ein fast dag, er de hjarteleg velkomne. Ta kontakt med Janne på telefon 95824652.

Gler oss stort til å koma i gong att. Dametrimmen med leiar Astrid Haugland avventar oppstart.

Tekst: Trimgruppa
Foto/nett: Kristian Bringedal