Måndag 30. august startar vi opp med styrketreninga for vaksne i Gamleskulen til vanleg tid klokka 11.00. Alle kan vera med, både kvinner og menn. Ingen er for gamal eller for ung. Her gjer kvar og ein det ein klarar. Sjølv om ein går eller syklar mykje og er veldig sprek kan dette vera eit godt tillegg av di vi brukar alle musklane. Kom og bli med til ein nyttig time.

Tekst: Uskedal helselag
Nett: Kristian Bringedal