Treng hjelp til opplasting av THK traileren, tysdag 7. april, på Hellesøy Verft og i Uskedalen.
Det vert lasting av THK-traileren i Kvinnherad, tirsdag 7. april (3. påskedag). Hellesøy verft kl. 14.30. Ukraina-lageret i Uskedalen kl. 16.00. Vi treng hjelp. Har du høve til å vera med, så er du velkommen. Litt info: På grunn av nye reglar for køyring av mellom anna brukte klede og utstyr i Polen, kan vi ikkje køyra gjennom landet på denne turen. Desse reglane er bra, men det trengst tid til å tilpassa seg. Vi må no ta alternativ rute, og levera lasta i Uzjhorod. Sjåførane Tormod og Leif Jarle er kjende med dette, sidan dei har levert i denne byen før.
Tekst: Tormod Myklebust Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal