Treng hjelp for å gjennomføra Heio Cup, siste helga i mai.
Har du høve til å hjelpa? I år vert Heio-cup arrangert siste helga i mai, nærare bestemt søndag 26. mai, og fotballgruppa som syt for arrangementet har sårt behov for hjelp. Årskulla vert stadig mindre, og i år er det berre to fotballag i Uskedalen. Det betyr færre hender som kan hjelpa og få ting gjort. Difor vender me oss til dykk kjære sambygdingar. Nedanfor finn de ei liste over ting me treng hjelp til, og dersom du tenkjer at «dette er noko eg kunne gjort», så ta kontakt med oss i fotballstyret og gje beskjed.
Dette har me behov for:
Parkeringsvakter
Folk til å montera/demontera banane
Fair Play-vakter
Transport av mål
Vaffelrøra
Me vert svært takksame for alle hjelpande hender.
Med beste helsing fotballstyret v/
Kristine Tveit – Tlf. 91709970
Tina Skår – Tlf. 97117487
Karoline Gjerde Eik – Tlf. 93842527
Tekst: Karoline Gjerde Eik Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal