Får de ikkje besøk av bøsseberarar, kan de vippsa til 2133.

Rodeleiar Hilde Borge Bringedal melder at det framleis manglar 4 bøsseberarar for at ein skal klara å dekka heile bygda under innsamlingsaksjonen i morgon. Ho seier at det framleis ikkje er for seint å melda seg, og derfor håpar ho at fleire melder seg utover dagen. Det kan ein gjera ved å ta kontakt med hilde på messenger eller på telefon 957 73 989.
Dei som skal gå med bøsse, skal møta på SFO-rommet på skulen kl.15.45. Der vil dei få tildelt roder og utstyr. Innsamlingstida er to timar, og etter fullført innsats blir det kaffi og kake på bøsseberarane, lovar rodeleiaren. Ho rettar også ei stor takk til dei som har meldt seg til å gå med bøsse.

Dersom det skulle bli sik at nokon ikkje får besøk av bøsseberarar i morgon, kan dei støtta den gode saka ved å vippsa til 2133, seier rodeleiar Hilde Borge Bringedal.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå TV-aksjonen