Arbeidet med bok nr.2 i serien “Den nære fortida” med lokalhistorisk stoff frå Uskedalen er godt i gjenge. Dei fleste artiklane er så godt som ferdige. For at boka skal bli så god som mogeleg, treng vi eit rikt bildeomfang å velja i. Bilda er av uvurderlig betydning for sluttresultatet. Etter ei nyleg etterlysning etter bilde på facebokk-sida (Uskedal Historielag) har vi fått inn fleire viktige bilde. Kjempeflott!! No håpar vi også at denne etterlysninga her på Uskedalsida skal gi resultat! Bilde over er eitt av dei som tikka inn på eposten i dag. Vi ser DS Stord 1 ved Sandakaien under visningsturen i mai 1987. I boka kjem det ei artig historie knytta til det. I framgrunnen ser vi restane av Lønningdalskaien, og i bakre kant ser vi kiosken eller snackbaren som Hjørdis og Harald Nilsen dreiv på den tida.

Vi er sjølvsagt interesserte i alle eldre bilde med lokalhistorisk innhald, men med tanke på boka som kjem til hausten, etterlyser vi i denne omgang først og fremst:

  • Bilde tilknytta butikkdrifta på Sanden, og frå livet på Sandakaien.
  • Bilde frå skulane, særleg Skorpo og Uskedal skule, men også Haugland skule, frå perioden frå 1935 til siste del av 60-talet.
  • Bilde frå fotballen i Uskedalen frå 1940 og utover til 70-talet. Gjerne publikum og, og folkelivet rundt.
  • Kafè Anker og livet rundt. Vi ønskjer bilde både utvendig, av interiør, serveringa og folka som jobba der… Har nokon bilde av den populære jukeboxen t.d.?
  • Bilde frå aktiviteten og alt som skjedde i huset der Fredsy og Bjarne Myklebust budde på Brekketoppen. (Arbeidstova, lege/tannlege/fødestove, solstudio………)
  • Bilde frå mjølkerampane, mjølkebilen, mjølkeutsalget og livet rundt.
  • Bilde tilknytta drosjenæringa i Uskedalen.
  • Bilde frå livet rundt Mannsvatnet fram mot 1970.

Vi er også svært interessert i informasjon som kan knytast til desse sakene. Ta kontakt med ein i skriftstyret om de har informasjon eller bilde. Skriftstyret er som før: Astrid E. Haugland, Svein Rimestad, Torkel Stensletten, Harald Sætre og Thor Inge Døssland (932 88 237). Hugs små opplysningar kan vera viktige! Ta kontakt!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Harald Sætre.