Treng du hjelp til plenslåtten og anna hagearbeid - Mathias er klar for sommarjobb.
Mathias Haavik Tungesvik spør om nokon treng hjelp med plenslåtten. Det kan også vera anna hagearbeid som rydding, luking og kantslått. Mathias er 14 år og har alt erfaring med plenklypparen. Han vil prøva å skaffa seg oppgåver som kan bli ein sommarjobb. Fram til skulefri er han klar for arbeid på laurdagar og etter skuletid. Frå måndag 24. juni er det “fritt fram”. Mathias har mobil 94868211.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal