Det nærmar seg årets Tv-aksjon, sundag 22.oktober. Hilde Bringedal melder at det som vanleg ikkje er så enkelt å få tak i folk til gå med bøssene. Dette er difor ei oppmoding om å melda seg. Det er trong for 15 bøsseberarar i Uskedalen. Ta kontakt med Hilde Bringedal via messenger eller telefon 95773989.

Innsamlinga i år går til Redd Barna. På NRK si heimeside skriv dei at målet med innsamlinga er:

  • Å hjelpa born med å handtera vonde opplevingar, gje helselhjelp og rett ernæring
  • Å samla born og familiar som har kome børt frå kvarande
  • Å sikra trygg veg til skulen og klasserom der ein kan få lærdom
  • Å tilby born trygge område i nærmiljøet der ein kan få leika.

Ikkje vent. Ta kontakt med Hilde Bringedal på telefon 95773989

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto - TV aksjonen 2023