
Tredjeslåtten er delvis unnagjort. 100 ballar på 16 dekar på Sandabakkane.
Mange bønder fekk gjort mykje med tredjeslåtten i det fine veret i helga. Temperatur og høveleg med regn i sommar har resultert i rekordavling. Harald Sætre Arnevik driv grasberging på Sandabakkane i sentrum. Med ferdig tredjeslått er det hausta over 100 ballar på 16 dekar areale. Det må vera rekord. Rett nok vart det sådd i fjor og godt gjødsla i år. Det har sjølvsagt noko å sei for den gode slåtten.

Harald fortel til uskedalen.no at slik veret har vore i sommar, er det betre avling i Uskedalen enn på Halsnøy der han og kona Kjelrun Eik bur og driv gardsbruk. Mange har gjort ferdig tredjeslåtten, andre ventar på ny periode med fint ver.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal