Treberging på fjorden i dag. Takk til dagens helt Sigurd Arne Arnesen.
Trefelling i stranda på Skansen i går førte til at ei tre kom på rek i dag. Vekslande vind og straum gorde det vanskeleg å få kontroll på treet. Marius Mathisen fekk erfara kor krevjande det var å slepa eller bukksera treet inn til land att. Då kom hjelpa. Sigurd Arne Arnesen med feriebustad i Beinavikjo kom seg i båten, løyste frå land og kjapt så var han på fjorden. Med god motorkraft og godt sjømannsskap fekk han kontroll på situasjonen. Mathisen vil retta ei stor takk til Arnesen. Han er dagens helt.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal