Innstillinga på kven som skal få kompesasjonsmidlar for tapte inntekter på grunn av koronaen ved haustens tildeling, er no klar. Blant dei 13 som er innstilt, er det 3 firma frå Uskedalen.
Kommunedirektøren opplyser at dei innan søknadsfristen 30.september fekk inn 15 søknader som er noko mindre enn tidlegare. Dette blir tolka som at det kan tyda på at økonomien har komme seg i mange verksemder. Til saman er det delt ut 1 060 000 kroner, høgaste einskildtildeling er 100 000 kr.

Det er Elins Matgleder AS, Dønhaug Gard og Kroka Eigedom AS her frå Uskedalen som er føreslått tildelt midlar. For kvar av dei er innstillinga 100 000 kr. Serveringsstader som har tapt på nedstenginga er prioritert, og i tillegg har det mange som driv hytteutleige retta mot den utanlandske marknaden søkt og fått tildelt støtte, blir det meldt.

Det heiter også at det er teke omsyn til tidlegare tildelingar. Innstillinga frå kommunedirektøren skal opp i formannskapet på torsdag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto