Tre konsertar og samsong med to kor på Færøyane.
Røysterett for Alle avslutta korturneen på Færøyane med konsert i domkyrkja i Torshavn i går kveld. Før på dagen var koristane på busstur til Kirkubø med lokalt føredrag i Røykstova om Magnus katedralen. Alt fredag hadde koret sin fyrste konsert. Det var i kyrkja i Klaksvik, plassen mange kjenner for fotballaget med norsk trenar. Neste konsertarena var i aulaen i Finsen i Torshavn før punktum vart sett sundag i domkyrkja. Røysterett for Alle møtte to lokale kor. Dei hadde sine innslag, men det var også fellessong. Uskedalen.no sin pressekontakt, Svein Rimestad, er godt nøgd med turen, musikalsk, sosialt og kulturhistorisk. Alle sit att med mange inntrykk og flotte opplevingar. Alt har gått etter oppsett program I dag er det heimreis med direktefly til Flesland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tor Edvard Taranger/ Pressefoto