Travle tider for unge dyktige musikarar.
Neste helg blir det både NM for skulekorps og landsfinale i UKM.
Mange skulekorps slit med litt knapp besetning for å kunna delta i konkurransar som NM. Dette gjeld også Tysnes Skulekorps. Dette har dei løyst på ein god måte. Dei har lånt tre musikarar frå Uskedal Skulemusikk og fire frå Rosendal skulekorps. Dermed kan korpset delta i NM samstundes som dei gjev flinke musikarar frå dei to nabokorpsa flotte og minnerike opplevingar.
I dag inviterte korpset, som talde 19 musikarar, til Før-NM-konsert i Rosendal Samfunnshus. Det var tydeleg at dei hadde øvd godt, og at det er mange flinke musikarar i korpset, både samspel og ikkje minst solistinnslaga sat som eit skudd! Ei NM-oppkjøring under leing av ringreven Yngve Nikolaisen gjev god utvikling for dei unge musikarane.
Det var bra med publikum i salen, og eg trur alle var glade for at dei hadde tatt turen. Det var jammen verdt det!
Korpset spela NM-progammet. Først fekk vi høyra “The young in heart”, ei suite i 3 satsar av Eric Ball. Deretter spela dei det svingande og friske stykket “E`Spenstig” som Torstein Aagaard Nilsen skreiv inspirert av to dyktige skulekorpsslagverkarar Espen og Stig. Musikarane fekk velfortent applaus både for soloistinnslaga og for flott fullført stykke og konsert. Det var ein flott konsert, og når dei no får finpuss siste veka av den dyktige dirigenten, Yngve Nikolaisen, vil dei vera svært godt rusta til konkurransen laurdag i Stavanger. Bildet over viser korpset og dirigent Yngve Nikolaisen som tar mot velfortent applaus.

For nokre av musikarane vert det ei ekstra travel helg. Dei 4 musikarane Ola og Anna Hermann Fossli, Theodor Børretzen og Sigrid Lunestad Opland må hasta seg vidare med fly til Trondheim like etter at dei har vore på scenen i Stavanger. Saman med to andre i sekstetten Honk Horns har dei nemleg prestert kunststykket å kvalfisera seg til landsfinalen i UKM. Der skal dei spela på søndagen.
Vi ønskjer lukke til både i NM og landsfinalen til dei gode ambassadørane våre!!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland