Det har vore ekstremt travelt for entreprenørane som driv med snøbøyting og strøing den siste veka. Haugland Maskin er ein av dei. Stian Haugland fortel til uskedalen.no at då snøen kom tysdag for ei veke sidan, gjekk maskinen 21 timar utan stopp. Måkinga starta kl. 06.30 på morgonen. Då alt var brøyta nokolunde, synte klokka 03.30 på natta. Haugland Maskin driv med snøbrøyting og strøing på private vegar, tun og plassar i byggefelta. Område er frå Rød i nord til Børneset i sør. Kulde i bakken før nedbøren kom er årsaka til at det vart så vankelege køyreforhold. Strømiddelet vert liggnade inni is etterkvart som det frys til igjen. Haugland Maskin gjekk tom for strømiddel i går, men er lova ny forsyning frå NCC i Bergen iløpet av dagen i dag. Strømiddelet er strøsingel med salt. Med kjøligare temperatur i julehelga, er det truleg påan i gjen.

Tekst/nett: Kristin Bringedal
Foto: Arkivfoto