Røysterett for Alle med sin musikalske leiar Maria Malmsten ligg ikkje på latsida på ein dag som er landet sin Grunnlovsdag. Med hele fem framføringar i fem ulike bygder vart det ein maratondag med start kl. 11.00 i Uskedalen og slutt kl. 17.00 i Åkra. Dei andre bygdene som fekk høyra korsong på nasjonaldagen var Herøysundet, Matre og Baugstranda. Ikkje noko med det. Maria Malmsten hadde framføring med Husnes Blandakor i Husnes kyrkje kl. 10.00, då med hjelp frå Røysterett for Alle. Det er ikkje uvanleg at kor og korps har oppdrag i fleire bygder, men dette må likevel vera rekord. Bilete syner Maria Malmsten i Uskedal kyrkje.

Røysterett for Alla hadde fem minikonsertar i fem ulike bygder på Grunnlovsdagen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal