Trafikksikringsgruppa i Uskedal utvikling syner til møte med representanter frå fylkeskommunen og Kvinnherad Kommune den 9.mars 2022 der ein drøfta tiltak for punktutbetring på strekninga frå Uskedal bru til svingen sør for Børnes industriområde (Myhresvingen). I dette møtet blei trafikksikringsgruppa pålagt å senda inn 5 punkt som skulle setjast i gang som strakstiltak.Dette vart sendt inn den 26 mars 2022. Gruppa spør om status i saka. Dei ynskjer også å få ei oppdatering på kor dette prosjektet ligg på prioriteringslista til Regional trafikksikringsplan, likeeins i forhold til Kvinnheradpakke 2.

Eit nna kritisk punkt er manglande føringskant i Buasvingen.

Trafikksikrignsgruppa ser det som det som særs viktig å koma igang med å utbetra området frå Børnes industriområde til og med Myhresvingen, særleg med bakgrunn i at dette er skuleveg for barn i småskulen. Slik situasjonen er no, kan ikkje vegen nyttast. Vegen er for farleg for mjuke trafikkantar å ferdast på. Ein elev må klyva å klatra for å koma seg heim frå skulen. Det svært farleg å setja av ein elev inne på Børnes industriområde. Dette er eit område som er under opparbeiding, med all den tungtrafikken det utløyser. Det er heller ikkje veglys frå innkøyrsla til Børnes til svingen lenger ute.

Dersom ulukka er ute her, rasa du fem meter ned i pukk og stein.

I framlegg til reguleringsplan for Børnes industriområde ligg det inne planar for trafikksikring i det aktuelle området. Det er også planlagt å asfaltera den aktuelle strekninga. Før det må strekninga utbetrast. Naboar og trafikksikringsgruppa krev at det vert sett i gang utbetringar straks!.

Uskedal utvikling v/ Trafikksikringsgruppa.

Tekst: Utdrag frå brev sendt Kvinherad kommune og Fylkeskommunen
Foto/nett: Kristian Bringedal