Styringsgruppa og dei fire komiteane for gjennomføring av 17. mai i Uskedalen hadde siste gjennomgang og kvalitetssikring i kveld. Det er nokre endringar i høve til slik det har vore dei siste 20 åra, men det kjem klart fram i programmet som no vert lagt ut for sal. Minnemarkeringa på Stemneplassen, som før har vore ein del av folketoget, er no flytta til kl. 10.00. Uskedal Friluftslag tek ansvaret for denne markeringa. Etter flaggheising kl. 08.00 er Stemneplassen såleis fyrste samlingspunkt. Bilete syner medlemene i dei fire komiteane: Program, mat, pynting/rydding og mat.

Styringsgruppa. F.v: Erlend Bjørnebøle,Stig Berge-Soldal og Per Korsvoll

Etter gudstenesta kl. 11.15 går programmet etter oppsett plan med samling ved Bautasteinen, folketog til Eikebrua. vidare til skulen og Aktivitetshuset der det er leikar, matsal og tale for dagen. Programmet i Hallen er noko redusert med færre innslag. Uskedal musikklag skal ikkje vera med. Det vert heller ikkje song. Som i fjor så er det ikkje sett opp salutt. I morgon vil uskedalen.no gjera kjend kven som er talar, likeins namnet på dei med musikalske innslag og minnetalar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal