Årsmøte og nominasjonsmøte i FrP gav god uteljing for Tove Lill Lakselv frå Uskedalen. Ho er nyvald leiar i partiet og ført opp som nr. 3 på lista til kommunevalet i september. Ellinor Rein trekte seg og Ove Lemica held fram som listetopp, men det var etter to røystingar. Ved fyrstegongs røysting fekk Lemica under halvpaten av røystene, resten var blanke. Ved neste røysting fekk han 18 av totalt 35 røyster. Dei andre kandidatane frå Uskedalen held sin plassar på lista. Det er berre nr. 1 på lista som er kumulert.

Tove Lill Lakselv saman med partileiar Sylvi Listhaug.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat