Torvald Karlsen (fødd 1921) med fast ferieplass i Uskedalen er ute med bok på Selja forlag. Kona hans, Klara f. Mæland døydde for nokre år sidan. Ho kjem frå gardsbruket på nedre Fet, nærast nabo til Kapteinsgården. Dei har vore eigarar av bruket i mange år. No har nye generasjonar teke over. Torvald har hatt eit hendingsrikt liv frå barndom og oppvekst på Kinn ved Florø til eit aktivt yrkesliv i Bergen. Far hans kom frå Sunnfjord. Mora var frå Manchester i England. I naudsåra etter fyrste verdskrigen reiste faren til Amerika. Han kom aldri tilbake. Mora med åtte born vart igjen på Kinn. Torvald var yngst i syskenflokken. Alt som gut var han med på fiske. Etter at han var konfirmert, drog han til sjøs med eit gamalt dampskip frå Bergen. I krigsåra budde Torvald i Øygarden og i Bergen. Han var på tvangsarbeid for tyskarane og segla langs kysten på brønnbåt med levande fisk.

Torvald Karlsen saman med dottera Janet.




På sine eldre dager har Torvald Karlsen skrive livsminne i perioden frå barndomen på Kinn til fredsrusen i Bergen sommaren 1945. Det er ei forteljing om korleis det var å veksa opp i eit kystsamfunn i åra før krigen og om dramatiske hendingar på sjø og land.

Torvald Karlsen bur i dag på Sæbøvik på Halsnøy der borna Janet og Rune også bur. Sjakk er den store hobbyen hans. Torvald spelar sjakk på nettet og er, så langt vi veit, Noregs eldste sjakkspelar.

Boka er lagt ut for sal og kan tingast direkte frå Selja Forlag.

Tekst/nett: Kristian Bringedal 
Foto: Faksimile Selja forlag/Kristian Bringedal