93-åringen likar å hausta frå og stella i hagen.

Etter eit par forsøk på å treffa Torunn Kjærland på mobilen utan resultat, svinga eg like godt opp på tunet. Då fekk eg forklaringa. Den aktive dama i sitt 94. år var i full sving i hagen sin, og ho har aldri mobilen med når ho er ute og jobbar.
Eg hadde fått tips om at eg måtta ta meg ein tur til den spreke og trivelege dama for å sjå alt som den dama har for seg. Eg blei møtt av eit strigla og velstelt tun på plassen som ligg ope og vakkert til opp mot Hauglandslia. Rundt huset er det ei mengd pryd- og nyttevekstar som pyntar opp, alt sirleg og nøye plassert.

Torunn framfor åkeren der ho hadde poteter. Rundt den er det planta prydvekstar og nyttevekstar.

Eg såg fram til å sjå den flotte potetåkeren hennar, som eg hadde høyrt om, men då var eg for seint ute. Potetene var hausta, og åkeren låg der så fin at den såg mest ut som ein nysådd plen, flott omkransa av planter i vakre fargar.
– Eg begynte på potetene 11.juli. Då var vi 9 stykke heime, og då åt vi av sjølvdyrka poteter, fortel Torunn som har ein son og fire døtrer. Alle jentene er flytta ut frå bygda, den yngste også ut av landet; – til København, men i sommar har alle vore heime.
– Eg fekk mykje potete. Eg må da for eg bakar jo potetekake. Eg pleie og å ha mykje gullerøte, men i år tok makkjen dei so eg reiv dei opp. fortel Torunn.
– Du har jo så mykje anna og? seier eg vidare og let meg imponera av alt ho styrer på med..
– Ja, eg har rødbeta, dill, salat, gresskar, rabarbra og allslags greie. Dei seie, ka e da du drive med detta du so e so gammal, men da e no da so helde meg oppe. Da so e viktigaste e at håve e i orden. Du veit eg e nett so villsauene eg må ut kvar dag, seier ho og ler godt.

På programmet denne dagen stod mellom anna klipping og stell av bringebærbuskane.

Eg pensar samtalen over på at ho har bær og.
– Ja, eg har jordbær og masse bringebær og rips. Vi har plukka øve 20 bytte med rips. Jon Harald har fått 5 bytte òg. Ungane laga eg saft te. For to år sio, då sesongen begynta, hadde eg so mykje igjen i frysen at eg preste 40 liter ripssaft før eg hadde sukker i, greier Torunn ut medan vi skal rundt huset til rips- og bringebærbuskane. Då eg kom på tunet var ho akkurat klar til å gå i gang og klippa bringebærbuskane. Eg tilbaud meg å ta med trillebåra medan ho tok brakasaksa der vi gjekk rundt huset på den velfriserte plenen. På turen passerte vi ein stuttljå som nett hadde vore i bruk.
– No klippe eg ned dei buskane som har båre. Dei nye skåta får stå, forlarer ho. Eg skjønar at det ligg både arbeid og pleie bak dei fine avlingane ho får medan eg studerer dei store og flotte bringebæra som framleis er på nokre av buskane.
– Eg har fire blåbærbuskar og, og så vekse da blåbær i skråningen oppforbi huse. Derfor slår eg ` kje der. Eg rive graset. Eg liggje på kne og rive da slek at eg ikkje øydeleggje blåbærlynjen.
Eg blir stadig meir imponert og skryt over kor fint og velstelt ho held både hus og hage. Då skryt over ein islandsk snikkar som har gjort noko arbeid. Noko bordkledning som han har skifta, har ho mala sjølv no i sommar.
– Jøss, seier eg.
– Nei, da gjekk no greitt, men for nokre år sio malte eg den andre veggjen heilt opp te øvekant av loftsglaso. Eg sette opp den tunge stegen sjøl og. Da va jo galskap, eg va jo godt oppi 80-åro, men da gjekk no fint, fortel ho og verkar mest litt “øvegidd” sjølv og.

I skråningen riv ho graset i staden for å slå det for å vera skånsom mot blåbærlyngen.

Eg ser ho har plommetre oppe i skråningen òg, men dei vil visst ikkje by på så mykje arbeid i år.
– Nei, plomme e da mest ikkje i år, avsluttar ho det som har vore ei særdeles kjekk stund.
– Du må ha tusen takk for hjelpo me trillebåro, føyer ho til når eg er på veg mot bilen.

Torunn framfor veggen ho har malt i sommar.
Det er ikkje vanskeleg å vera einig med henne når ho seier at det er galskap å mala heil opp mellom loftsglasa når ein er kommen godt opp i 80-åra.

På heimveg tenkjer eg: Er det mulig?? I sitt 94. år!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland