Tormod Myklebust og Leif Jarle Bergstø, begge frå Uskedalen, er klar for avreise til Ukraina med brannbilen som er ei gåve frå Kvinnherad. Turen på 2000 km fram til grensa vil ta 4 dagar. Tormod og Leif Jarle deler på køyringa. Bergstø er i tillegg med som mekanikar. Brannbilen frå Uskedal brannstasjon er pr. i dag avskilta. Alle godkjenningar er på plass og nye skilt er på veg. Brann- og redningsbilen har vore på service på TIDE verkstad. Arbeidet med klargjering er gjort på dugnad, kostnadsrekna til om lag kr. 65.000,-. Då skal bilen vera klar for overlevering i den ukrainske byen Uzjhorod.

Tormod Mykelbust og Leif Jarle Bergstø saman med ordførren, sponsorar, THK stiftinga og TIDE.

Ved ei enkel markering i dag ved Brannstasjonen på Husnes var ordførar Hilde Enstad med. Ho fortalde om den politiske prosessen fram til eit vedtak. Andreas Tarberg representerte HYDRO Husnes, ein av sponsorane, saman med BKS og Fossberg kraft.

THK ved Vidar Helgesen orienterte kort om stiftinga sitt arbeid gjennom 27 år. Traileren går fast på Ukraina, heile 22 turar i året. Arbeidet vert mellom anna finansiert ved å ta returlast frå Polen til Noreg.

Kvinnherad Brann og redning ved Brannsjefen sa fram helsing. Han understreka at dette er ei hjelp til kollegaer i Ukraina. Mykje utstyr føl med på turen, mellom anna nytt aggregat som er ei gåve frå Slangeservice.





Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal