Av åtte kandidatar til Årets namn, i regi av Grenda, finn vi to namn frå Uskedalen. Det er Tormod Myklebust og Festidalen. Lesarane kan gje si røyst til den kandidaten som fortener ein pris. Kåringa av Årets namn har vore eit fast innslag i førjulstida like frå 2010. I fjor var det kommuneoverlege Glenn A. Opland som gjekk av med sigeren. Om Tormod Myklebust les vi:

Bussjåføren frå Uskedalen har gjennomm mange år brukt mykje av fritida si på å hjelpa fattige i Ukraina. I år fekk dette arbeidet ein ekstra dimensjon og eit ekstrra alvor etter at Russland invaderte landet. Tormod Myklebust køyrde seinast i november med eit stort lass med naudhjelp til Ukraina, og er no i gang med å samla inn utstyr slik at innbyggjarane kan halda varmen gjennom vinteren.

Meir om Festidalen kjem i eige innlegg. Du kan røysta på din kandodat på ulike måtar:

  • E-post: post@grenda.no
  • Telefon: 53 48 71 00
  • Internett: Bruk skjema på Grenda si heimeside
  • Facebook: Send melding
  • Post: Send slippen, som du finn i Grenda, til PB. 100, 5486 Rosendal
  • Personleg ved å gå inn i redaksjonen
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal