Tore Sergei Myklebust ( nr. 3 f.v. ) frå Uskedalen har saman med Mattias Carlsson, Åsmund Gjønnes Tvedten og Bjarte Hjelmeland kjøpt Hotel Christiania Teater. Hotell- og teaterbygget skal pussast opp for fleire titals millionar kroner. Eiendomsspar overtek eigarskapet av det praktfulle hotell- og teaterbygget i Stortingsgata i Oslo. Hotelldrifta held fram som ein del av Nordic Hotels & Resorts. Dei nye eigarane ser fram til å blåsa nytt liv i den historiske scenen med framsyningar av beste klasse. Ein legg også opp til utleige til bankettar, events og private arrangement.

Bjarte Hjelmeland tek til som teatersjef frå hausten og det føreligg alt konkrete planar for store og kjende forestillingar. Over Norge AS og Starworks skal drifta dette fantastiske og unike teateret i hjarte av Oslo sentrum. Heile bygget skal renoverast.

Mange vil hugsa plassen der Det norske Teatret hadde sin scene i mange år før nybygget deira kom i Christian Augustgate i 1984. Mange minnest Det norske som eit nasjonalt teater med tradisjonelle norske framsyingar og ikkje minst musikalane, som til dømes Spelemann på taket med Lasse Kolstad i hovudrollen.

Tekst/ foto: Redigert og henta frå Facebook
Nett: Kristian Bringedal