Det er sikkert fleire enn eg som har lagt merke til den artige “bilen” til 16 år gamle Torbjørn Haugland. Er det ein bil, ein liten traktorvariant eller kanskje ein ATV, lurte eg på. Eg ville vita meir om dette spesielle raude kjøretøyet, og derfor tok eg ein tur oppom Haugland for å slå av ein prat med eigaren. Så vidt eg kjenner til, er det einaste av den typen kjøretøy i Uskedalen.

Tobjørn Haugland, som snart startar på andre året på studiespesialiserande ved Framnes vidaregåande skule, kan fortelja at det er i grunnen ein variant av ATV. Det er ein UTV. Eg syns den skil seg klart frå ATVen då denne har tak som er festa til solide vernebøylar. I tillegg har den sikkerhetsselar og to seter i breidda. For meg verkar det som eit tryggare kjøretøy enn ATVane som vi høyrer om ein del ulykker med. Den har også ein liten praktisk karm bak slik at den egnar seg til å frakta ting.
Torbjørn fortel at den er bensindriven og er registrert for fart opp til 40 km/t. Han kjører den på traktorsertifikatet som han tok så snart han hadde fylt 16. Det tok han i Knarvik, for der var det kort ventetid, og den arbeidsomme bondesonen hadde sjølvsagt ikkje tid til å venta med det.

Torbjørn Haugland med “bilen” sin.

Eg lurer naturleg nok på kva som fekk ungdommen til å kjøpa eit slikt kjøretøy. Han fortel at han kom over den på Finn.no, og han tenkte at den kunne vera grei å bruka når han skulle reisa fram og tilbake mellom Uskedalen og skulen på Framnes. Derfor kjøpte han den i februar frå Hamardistriktet, nærare bestemt Vang på Hedemarken. Det er ein 2014-model, og den har blant anna vore i bruk på ein campingplass på Flisa.
I tillegg til turane til Framnes har Torbjørn brukt den litt på småturar til venner her heime.
Eg spør om den eignar seg like godt i terreng som ATV. Han trur den vil ta seg godt fram, men Torbjørn har ikkje brukt den noko til det, men han fortel at den er utstyrt både med firhjulstrekk og sperr.

No vurderer Torbjørn å kvitta seg med UTV en, og han har planar om å leggja den ut for salg i nær framtid.
Han har funne ut at det går godt an å reisa med buss til Framnes. Rimeleg er det og. Dessutan tar ikkje turen så mykje lenger tid enn dei vel 2 timane han brukte med “privatbilen”.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland