Tømmertransporten på Døssland/Feet er starta. Open skogdag onsdag 20. september.
Englafjell Veglag melder at det er uttak av tømmer frå skogsfeltet på Døssland og Feet. Auestad Transport er engasjert i arbeidet med opplessing og transport til Børneset Tømmerkai. Frivik Taubanedrift AS står for skogsdrifta elles. Uttransporten vil gå i periodar, 2 – 3 dagar i slengen. I driftsperioden er det restriksjonar på bruk av vegen og ferdsle i skogsområde. Til no har alle respektert skiltinga og halde seg borte frå hogstfeltet. Onsdag 20. september mellom kl. 17.00 og 19.30 er det open skogdag med synfaringar og informasjon om taubanedrifta. Alle er velkomne til den opne skogdagen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Englafjell Veglag