Tormod Langballe (med etternamnet Hardenberg no) bur og jobbar i Stockholm. Han er dagleg leiar i konsulentfirma E-mine AB med seks tilsette. Verksemda driv konsulentenester innan ITS, intelligent, automasjon og trafikksystem. Ein stor kunde er mellom anna Trafikkverket, det vi i Noreg kallar Statens Vegvesen. Tormod kjem frå Skorpo i Uskedalen. Han bur fast med familie i Stockholm og er kvart år heime på ferie i Uskedalen. Bilete: Marcus Zitz, Mehmet Samanci, Joans Nylander, Niklas Olzon, Olle Hård og Tormod Hardenberg.

I morgon går turen ti Salmon Eye.

Tormod og ein av dei tilsette kom i førevegen til Kvinnherad. I dag kom resten av arbeidsgjengen med fly frå Stockholm til Bergen. Alle bur på Rosendal Tursithotell. Tormod har laga dagsprogram der ein legg opp til det mange kallar kick off, ein kombinasjon av opplevingar og fagleg påfyll.

I dag går turen til Skorpo og hjortemiddag på tunet heime saman med Marit og Oskar Langballe. Hjorten er skoten på Skorpo. Salmon Eye med omvisning og mat ligg inne i programmet i morgon. Seinare på dagen vert det fisketur med Oskar. Han kjenner fiskeplassane godt i Storsund og på nordsida. Fangsten vert gjort klar for ein betre fiskemiddag før avreise og tilbake til ei travel arbeidsveke.

Skorpefjellet høyrer med på ein guida tur i Uskedalen.

Tur på Skorpefjellet høyrer med. Ein i arbeidsgruppa til Tormod har vore i Uskedalen før. For dei fire andre er det fyrste gongen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal