Ellen Karin Ljosnes Moen er som kjent godt i gang med sin periode som programleiar for populære Norge Rundt, og ho gjer ein god figur når ho losar oss gjennom det populære programmet. Sist fredag hadde dei lagt gjennomgangsinnslaga til Bergen Kaffebrenneri. Dermed blei ein annan uskedeling, Kenneth Rasmussen, oppvaksen i Korsnesfeltet, svært så sentral i programmet. Mellom dei ulike innslaga tok Kenneth og Carl Eugen Johannessen oss med på kaffifrukta si eventyrlege vandring fram til kaffikoppen. Programmet har tittelen “Frå bønne til kaffikopp”. På bildet over ser vi Kenneth forklarer programleiar Ellen Karin Moen litt av prosessen.

Kenneth Rasmussen saman med kollega Carl Eugen Johannessen og programleiar i Norge Rundt Ellen Karin Ljosnes Moen.

Bergen Kaffebrenneri er blitt svært populær som møtestad i tillegg til at dei leverer eksklusiv kaffi til mange kundar. Vi hugsar at då gourmetkokken Roy Lervåg dreiv restauranten Oska her i Uskedalen, fekk han brent spesiell Oska-kaffi frå nettopp Bergen Kaffebrenneri og Kenneth.

At Kenneth Rasmussen enda opp som ein av eigarane og dagleg leiar/adm.dir. i Bergen Kaffebrenneri, var litt tilfeldig. Etter at han fekk første kaffikoppen hos mormora 15 år gammal og drakk kaffi i fleire år utan å like drykken, fekk han etter kvart interesse for kaffi. På hobbybasis begynte han å brenna eigen kaffi i ein popcorn-maskin.
Han hadde god og fast jobb, og ein kveld i 2009 gjekk han kveldstur i det nedlagte verftsområdet til legendariske Mjellem & Karlsen. Då kjende han god kaffilukt, og han kom i kontakt med Carl Eugen Johannesen som og dreiv med kaffibrenning. Dette blei opptakten til Bergen Kaffebrenneri.

Kenneth Rasmussen slutta i den faste og gode jobben, og no har dei to drive i vel 12 år, og Bergen Kaffebrenneri har heile tida utvikla seg. Noko av den imponerande reisa, kan de oppleva ved å klikka HER og sjå programmet i Norge Rundt.

Tekst, skjermbilde og nett: Thor Inge Døssland