Uskedal Historielag inviterte til Vårmøte i kveld. Med godt frammøte, god førelesar og mange gode minne frå panelet og folk i salen, gjekk to timar unna på eit blunk. Åsmund Kåre Rrøvik tok oss med frå planlegginga tidleg på 1960 talet, via fyrste spadetaket juni 1963 og fram til opninga 1965. 24 hus/heimar og 4 hytter rauk med. 80 menneske måtte flytta og finna seg nye bustader. Kommunen hadde ingen plan og infrastruktur på plass. Tilreisande arbeidarar budde i brakker og på losjeskip. Regulerte bustadfelt kom etterkvart.

I panelet sat: F.v. Harald Sunde, Audun Eik og Thor Inge Døssland.

I panelet sat tre utvalde uskedelingar med ulik arbeidserfaring frå SØRAL. Harald Sunde kom heim frå jobb i Bergen og fekk arbeidet sitt på lageret og på kaien. Han hadde mange gode år på bedriften. Seinare vart han styreleiar i SØRAL pensjonistforening.

Audun Eik med 44 år på SØRAL jobba på verkstaden. Knapt nokon kjenner betre til traktorane og køyreutstyret som vart brukt på alle desse åra. Men, før det fekk han som 16 åring vera med far sin i ei arbeidsgruppe som dreiv med forskaling og betongarbeid.

Godt frammøte på Vårmøte i kveld.

Thor Inge Døssland hadde sommarjobben sin på SØRAL i studietida si. Han fekk opplæring og utførte dei fleste funksjonane i hallane. Fram og tilbake på jobb tok han skiftbussen. Thor Inge hugsa mange artige episodar, mellom anna om den kjende skreddar Mork frå Rosendal. Mork hadde arbeidet sitt på SØRAL etter at han slutta i skreddarfaget.

Frå salen var det gode innlegg. Ove Lemicka minnest mellom anna tida med husbygging og hjelp frå bedriften ved etablering. Henrik Lyse kom til Kvinnherad og SØRAL som montør frå Siemens. Tormod Myklebust køyrde skiftbuss, men også godsbil med varelevering på Husnes kvar dag. Som gut var han med far sin til Husnes på storfeutstilling.

Åsmund Kåre Rørvik var også inne på verdien av arkivarbeid og kor viktig det er å ta vare på foto og historiske dokument, noko som forresten er ein viktig del av Uskedal Historielag sitt arbeid.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal