Tordis Thuestad ( f. Østebø ) og Vidar Stensletten Eik er valde inn som styremdlemer i Indremisjonssamskipnaden. Tordis ( 58 år ) er sjukepleiar i Stord kommune, bur på Bømlo og er aktiv i bedehuset på Moster. Vidar ( 38 år ) er IKT arbeidar på Framnes KVGS, bur i Norheimsund og er med på bedehuset i Øystese. Tordis har vore med i IMS- styret dei to siste åra. Vidar er ny i styret.

Vidar Stensletten Eik, nyvald styremedlem i Samskipnaden.

Uskedalen har ein sterk posisjon i Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad, forkorta til Indremisjonssamskipnaden eller berre Samskipnaden. Det var her organisasjonen vart skipa i 1864, i løa til Hans Døssland, på tunet der Gudrun og Hallvard Døssland bur i dag. Løa er riven. Bustadhuset står slik du ser det på bilete. Indremisjonsstemna og årsmøte ha ved fleire høve vore i Uskedalen. 150 års markeringa var på Husnes.

Tordis Thuestad ( f. Østebø ) held fram i styret i IMS.

Når Tordis Thuestad og Vidar Stensletten Eik no er valde inn i IMS-styret, må det vera historisk. Vi finn ingen frå Uskedalen i dette styret i nyare tid. Ved oppstarten og i åra framover var det mange profilerte personar frå Uskedalen med i Samskipnaden. Vi nemner mellom anna Tormod Myklebust ( 1840 – 1895 ), Bertel Myklebust ( 1847 – 1936 ), Helge H. Feet ( 1879 – 1948 ) og ikkje minst Jørgen Thunold ( 1852 – 1927 ) som var sekreter og kasserar i heile 48 år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå Facebook og jubileumsbøker